Bygdedans
Bygdedansen i Noreg er mangfaldig i rytme, struktur og motivoppbygging. Som i språket, har det utvikla seg mange forskjellige dialekter, store og små forskjellar som skil regionar eller bygder frå kvarandre – ein springar kan vera særs forskjellige både i rytme og oppbygging ulike stader i landet. Dette gjeld også for pols, gangar og halling.
🎥 I Læremiddelverket Noreg i dans og spel har me samla eit døme med dans, og eitt døme med slåttespel frå kvart av dei nitten gamle fylka. De kan også finne døme på spesifikke bygdedansar på YouTube-kanalen vår, nettstaden Folkepedia, eit prosjekt med barn og unge frå heile landet der Noregs Ungdomslag lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans og folkemusikk.
Metodiske tips og triks
I åras løp er det utvikla mange dansemetodiske undervisningsopplegg for undervisning. Nokre opplegg rettar seg mot spesifikke målgrupper, mens andre har meir vekt på å formidla eigenarten til den spesifikke bygdedansen.
På denne nettsida vil me først og fremst formidle litt meir overgripande og generelle prinsipp som ein kan ha nytte av i bygdedansopplæringa. Me vil gjera greie for kortformer som undervisningsmetode for Bygdedans. Me vil også gje tips i form av film- og videodøme.
Kortformer
Sidan 1990-åra har det blitt arbeidd med kortformer som ei tilnærming til bygdedanstradisjonane og undervisninga av denne. Då startar ein opplæringa med å formidla dei mest sentrale motiva og stega, og gjer elevane fort rammene for variasjon og motivsamansetjing.
Kva meiner vi med ei kortform?
Ei kortform er det absolutte minimum vi treng å ha med i dansen for at han skal fungera som ein dans. Mange av bygdedansanse er oppbygde av mange ulike motiv, og mange motiv kan utførast på fleire måtar, eller det finnst fleire motiv som kan fylla same plass i dansen (alternative motiv). Dersom elevane skal læra alt som er å læra før dei kan få brukt dansen t.d på ein dansefest, vil det vera mange som ikkje kjem så langt. I tradisjonen var det nok mange som berre dansa nokre få grunnelement i starten, og det er det vi freister å kome tilbake til no. Vi ser dette som eit svært viktig pedagogisk prinsipp i opplæringa.
TIPS!
Halling er både namnet på ein solodans og ein pardans. Gode metodiske opplegg for solodansen Halling finn de blant anna på nettstaden Folkepedia.no.
Bygdedansane er stort sett pardans i gåande (gangar, halling, rull) eller springande (springar, pols) takt.
🎥 Tips til korleis ein kan undervisa prinsippa i ein bygdedans i gåande takt laga me i læreverket Noreg i dans og spel II.
🎥 Der finn de også tips til korleis ein kan overføre desse prinsippa i springande takt (springar og pols). Grunnprinsippa byggjer på springar- og gangarformene slik dei vert dansa på Sør-Vestlandet. Ønskjer de meir djupekunne bør de fordjupe dykk i den aktuelle konkrete bygdedanstradisjonen, eller be tradisjonsbærarane om å formidle denne til dykk og elevane dykkar.
📖 Tips til hvordan lage din egen kortform.
Generelt om bruken av samdansmotiva i en bygdedans
Når vi skal læra bort bygdedans, er det viktig å trekka ut kvaliteten i måten som dansane vart overleverte på den tida dei levde fullt ut. Resultata av den type opplæring, var at ein fekk varierte og frie former av dansane. Det du lærde av ein person var ikkje heilt likt det ein annan gjorde, og dermed vart det ein stor variasjonsrikdom i dansen. Dette står i kontrast til det vi ofte finn i dansemiljø i dag, der det kanskje har vorte formidla ei meir eller mindre fastspikra form som dansen «skal» ha.
Vi ser det som eit mål å prøva å unngå slike fastspikra former. Då må vi gje elevane motiva og så rammen og reglane for korleis dei kan setja motiv saman. Det er viktig å vere merksam på at det ikkje er heilt fritt og tilfeldig. Det finst ein god del reglar, men og mykje rom for fridom og improvisasjon. Ut frå ei slik opplæring kan dei sjølve setja saman den rekkjefølgje dei vil ha der og då.
Arbeider ein på den måten, kan ein starta med å læra elevane ei kortform av dansen først. Når dei har fått taket på denne, bør dei raskt få lære alternativ til dei motiva dei alt kan, slik at dei sjølve kan velgja kva for motiv dei ønskjer å bruka.
Når dei så har fleire alternative motiv inne, kan dei få læra koplingar og overgangar mellom motiva, slik at dei kan få ein dans til å hengja saman på ulike måtar.
Det er viktig å gje elevane ei holdning som gjer at dei kan vera frie i forhold til korleis dei byggjer opp dansen frå gong til gong, men likevel kjenner rammene og reglane for variasjon. På dette viset får ein og til eit betre samspel mellom musikken og dansen. Både spelmann og dansar er avhengig av respons frå kvarandre for å få til god dans og musikk, og ved å variera dansen i forhold til det som skjer i musikken, vil ein få til eit betre samsvar mellom dans og musikk. (Frå Handbok i Bygdedansopplæring av Egil Bakka og Kari Margrete Okstad, 1994).
Les heile Handbok i Bygdedansopplæring her.
Les om bygdedans på side 34 i Modellar for folkedansundervisning.
Les om motivoppbygging, takt og rytme i bygdedanstradisjonane.