Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Dansikalitet og teknkikktrening

Dei to undervisningsopplegga som følgjer er henta frå Bygda dansar-rapporten DEL 2. Pedagogisk arbeid i Bygda dansar forfatta av Siri Mæland og Sigurd Johan Heide: 

1 Dansikalitet – korleis skape variasjon og detaljrikdom dansen 

Polsdansen frå Senja gav det faglege personalet på Sff og i Arktisk takt ei utfordring. Dansen var enkel i struktur, dvs. ein gjekk fram parvis, så rundt i bygdedanssnu på sida. Av og til kunne jenta svinga under armen ein gong etter rundsnu. Steget var forholdsvis enkelt: eit totrinnsteg med tyngda på venstre fot stort sett heile tida. Dette var ramma for dansen. Spørsmålet vart då korleis ein kunne få det til å bli gøy å dansa ein så enkel bygdedans? 

For det første måtte me vri hovuda våre med tanke på kva ein bygdedans er. Me samanlikna automatisk dansen med «springar frå Valdres» eller ein «pols frå Røros». Desse dansane har ei større ramme, med fleire typar vendingar og rundsnuar. Om me samanlikna polsdansen frå Senja med desse, så vart han liten og spinkel. Men om me samanlikna polsdansen frå Senja med ein setesdalsgangar eller ein vals, så opplevde me at dansen var rik. Derfor døypte me ganske tidleg senjapolsen til «Nord-Noregs setesdalsgangar». Dette var ei god hjelp i å kunna sjå korleis me kunne utnytta rammene, og kvar me kunne finna virtuositeten i dansen. Dette var mellom anna: mikrovariasjon i tak og steg, kroppshaldning, tempo, kraft og retning i rommet. Dermed gjekk dei fagleg tilsette i prosjektet, Dina Bruun, Sigurd Johan Heide og Torill Steinjord, saman med dei fagleg tilsette på Sff, inn for å finna ei pedagogisk og metodisk tilnærming. 

  1. Utvikling av variasjon i steg: 

    Stega kunne varierast med lengd, breidd mellom fotblad, kraft og tempo. Me lét ungdommane dansa på rekkje, og la vekt på eit enkelt element i starten, til dømes lengd på steg (kort eller langt). Deretter kunne me kombinera to av dei ulike elementa, til dømes lange steg og stor kraft. 

  2. Utvikling av variasjon i kroppshaldning og kroppsutrykk: 

    Me jobba med kroppen bøygd framover, bøygd litt bakover, heilt rett eller krokete i kne, anklar og hofter. Her brukte me dei same metodane som i stegbruken, at me kunne kombinera fleire element, til dømes kroppen bøygd framover og liten fart. Ulik bruk av kraft (stor eller lita kraft), tempo (eksplosivt eller varig) var òg element som vart nytta for å skapa dynamikk.  

    Under dette brukte me òg «fleksible» og «målretta» rørsler for å laga ulike uttrykk (sjå strategi for retningar i rommet). 

  3. Utvikling av strategi for retningar i rommet: 

Her brukte me element frå Rudolf Labans «Effort», dvs. ei fleksibel retning eller direkte. Desse to ulike teknikkane gjev eit veldig ulikt utrykk. Når ein dansar «fleksibelt» i rommet, må ein som dansar gje seg litt hen til kva for retning kroppen går i.  

Denne verktøykista av metodiske og pedagogiske grep gjorde at me hadde ein dans i prosjektet som me brukte til å «læra å dansa». Ramma og strukturen var såpass grei i polsdansen frå Senja at ungdommane etter kvart fekk automatisert ulike variasjonsmoglegheiter og kunne bruka desse også i andre dansar. I tillegg kunne me òg gå sterkare inn i musikken på denne dansen, dvs. lytta og diskutere melodilinjer og frasar i ein polsdans, og så velja om ein ville laga ein kontrast til dette eller dansa med musikken. Til dømes kunne ein slått vera ganske frampå og ha godt driv, og då hadde ein eit val som dansar om ein ville bruka lange steg eller korte steg, stor kraft eller lita kraft, vera fleksibel i rommet eller dansa målretta og direkte.  

Sjølv om dette arbeidet òg handla om koordinasjon og teknikk, viser det først og fremst ei dansikalsk tilnærming til dansen. Arbeidet vart ein metode for å jobba med sjølve dansinga, det å dansa, det å uttrykka seg dansikalsk. 

Kva meinar vi med dansikalitet? 

Med dansikalitet meiner me evna til å skapa danseuttrykk gjennom variert og dynamisk bruk av rørsler, til å utvisa god dømmekraft i utnytting av kraft, tyngde og balanse i tid og rom i samhandlinga med meddansaren sine rørsler og medmusikaren si utøving av slåtten. Utgangspunktet er heile tida danserørslene, dei vertikale, sviktande danserørslene, og korleis desse vert tolka i kvar enkelt dansetype i kvar enkel dansetradisjon  

2 Utvikling av dansemetodikk – svikt, fråskuv og dynamikk for utvikling av koordinasjon, teknikk og dansikalitet 

Nedanfor vil me gje døme på metodisk utviklingsarbeid. Her kan ein finna att ideen om å øva inn folkelege svikt-teknikk som grunnlagstrening. Difor startar me først med metodikk for svikt. 

Svikt 

Sett under eitt og generalisert har tradisjonsdansen i hovudsak nokre generelle trekk når det gjeld dansestil og teknikk: ein avslappa, avspent kropp som utnyttar tyngdekrafta som kraft til ein sviktande og rytmisk dans. Sviktande vertikale bølgerørsler i heile kroppen er typiske for kroppsleggjering av rytme i folkedansen, og også mekanikken til kroppen for å bevega seg framover i ståande posisjon. Bakka har formulert nokre av trekka ved dei sviktande, vertikale bølgerørslene som påstandar om folkeleg danseteknikk og metodiske øvingar i ulik bruk av tyngdekrafta, til «løft» og «fall» i ei førelesingsrekke han har kalla for Grunnlagstrening på «folkedansstudiet» ved NTNU, og i lærebok i dans for den vidaregåande skulen, der han skildrar ideal, normer og rørslekvalitet i folkedansen (Bakka, 1997). I idealet og normene tek han utgangspunkt i rørsler ungdommane allereie kan, frå gåing og springing. Han tek utgangspunkt i allereie kjende rørsler, og skriv korleis ein kan øva på å dansa gåande og springande med folkeleg teknikk. Tanken om grunnlagstrening i folkedansen har inspirert fagpersonalet i BD opp gjennom tidene til å eksperimentera og utvikla metodiske opplegg for å jobba med den sviktande og rytmiske dansen.  

Eit viktig diskusjonsaspekt her, som me har hatt med oss frå arbeidet med Bakka, er det teknisk universelle og teknisk spesifikke. Han understreka stadig når me jobba saman, at kvart tradisjonsmiljø har sin måte å utføra dansane på. Det finst ingen universell norsk folkedansteknikk. Det finst ingen idealfolkedanskropp. Bakka verka redd for at me i den yngre generasjonen skulle byta ut ei form for uniformering (stivna, fastlåste danseformer) med ei anna form for uniformering (stivna, fastlåste reglar for teknikk). Dette står, slik me ser det, ikkje i motsetnad til det at han også seier at svikten er grunnleggande for den norske tradisjonsdansen (Bakka, 1970). Slik me tolkar han, er svikten motoren, men dei ulike detaljerte utføringane av svikten, ulike former av løft og fall utførte med ein spesifikk kroppsmekanikk gjev rom for og skaper ulike utføringsmåtar i form av kraft, tyngde og balanse til ulike og spesifikke danserytmar i ulike tradisjonsmiljø.  

På nybyrjarnivået og mellomnivået er difor jobbing med kraft, tyngde og balanse også viktige moment. Det er viktig når det gjeld å utvikla sjølve den sviktande, rytmiske grunnteknikken, men også i rundsnuteknikken og for å skapa dansekunst. (…) 

Fråskuv og runddansteknikk 

I ulike prosjekt har det blitt nytta ulike måtar for å læra inn rundsnuteknikk. Ulike fagpersonar har sine måtar for dette. I tillegg har det også blitt vidareutvikla og eksperimentert med teknikk-metodikk. Til dømes i Rogalender eksperimenterte dei tilsette i BD: Torill Steinjord og Elisabeth Ellingsen saman med fagansvarleg Siri Mæland arbeidde med fråskuv i runddansteknikken. Utgangspunktet for arbeidet var å diskutera korleis ein kunne få ungdommane frå Rogalender over frå nybyrjarstadiet til mellomnivået, til å bli heilt ok dansarar. For oss var fråskuv eit omgrep som me kunne knyta til svikt, og me jobba og eksperimenterte med korleis ein ved hjelp av svikten kan skapa kraft frå golvet, ved å skyva frå og skapa rotasjon. Dette omgrepet, som me hadde fanga opp av ein dansepedagog i Rom for dans, vart utgangspunktet for eit analytisk, eksperimenterande, metodisk arbeid der me testa ut ulike former for kraft og retningar i fråskuven som grunnlaget for å danna rotasjon i ulike snuingar. Slik gjekk arbeidet føre seg: 

  1. På ein fagdag tok me utgangspunkt i ein dokumentasjonsfilm der fagpersonalet i Rogalender filma «sluttresultatet» av arbeidet på 2. og 3. helgesamling i Rogalender. Her dansa ungdommane springar og ulike typar runddansar. Målet var å diskutera det vidare dansepedagogiske arbeidet med utgangspunkt i dansekunna til ungdommane. 

  2. Me såg at ungdommane allereie hadde opparbeidd seg adekvat god taktforståing for ulike rytmar, men at det største hinderet til mange av dei for å kunna koma seg vidare i danseutviklinga var å få til ein god rundsnu i runddansane. Snuteknikk og steglengde kom i vegen for og vart til hinder for rytmen. Me såg at dette handla om balanse mellom partnarane, men også ei manglande kroppsleg forståing for snuing, retning og kraft. 

  3. Inspirert av omgrepet fråskuv og med ein idé at dette kunne vidareutviklast som eit metodisk moment i folkedansopplæringa, brukte me ein time på å testa ut ulike former for å skyve opp, fram, rundt, til sida, og med ulike former for kraft, tid og lengde. Me kopla fråskuven til kunnskapen vår om svikt og grunnlagstrening. Ein fråskuv der me skyv opp ifrå golvet og løftar oss opp som ein sats, kan både vera ei førebuing til ein rotasjon og eit rytmisk rørsleaspekt. 

  4. På fagdagen jobba me med fråskuven i eintaktssnu med parisar som døme, og i totaktssnu med polkamasurka som døme. I polkamasurkaen vart fråskuven også nytta i totrinnssteget sidelengs. 

  5. Deretter var det på tide å setta ideane våre ut i praksis. På den neste helgesamlinga med ungdommane hadde me førebudd oss saman og var budde på kollegarettleiing. Fagkonsulentane testa ut ulike metodiske idear for snuteknikk i hamborgar og parisar med utgangspunkt i fråskuv og rytmisk svikt. 

  6. Det faglege arbeidet med fråskuv førte til eit større medvit både hos deltakarane og fagpersonalet mot kva teknikk som må jobbast med for å bli dyktige i å dansa rundt på ulike rytmar i runddansen. Nybyrjarstadiet hos ungdommane i Rogalender var eit tilbakelagt stadium, og talentutviklinga skaut fart med dette arbeidet.