Runddans og gammaldans
Om runddans og gammaldans
Fire hovudtypar (etter musikken):
1. Vals (3-takt)2. Masurka (3-takt)
3. Polka (2-takt)
4. Reinlender (2-takt)
Fire viktige kjenneteikn:
Kjernen; ” å danse rundt” parvise runddans-omdansinga der partnarane vender om lag rett mot kvarandre med koordinerte steg
Mange har også promenademotiv, der partnarane flytter seg i danseretninga utan å snu rundt
Kvart par dansar sin eigen dans uavhengig av dei andre
Dansepara dansar motsols rundt dansegolvet
Lokale variasjonar, stort mangfald, mange blandingsformer
Opphav i 1800-talets Europeiske motedansar
Danseformene vart populære att under nemninga gammeldans frå 1950-talet
Metodiske tips og triks
I årenes løp er det utvikla mange dansemetodiske undervisningsopplegg for folkedansundervising. Nokre opplegg rettar seg mot spesifikke målgrupper, medan andre har meir vekt på å formidla folkedansen sin eigenart. Som basis for danseundervisning i runddans anbefaler vi å tenke nøye gjennom kva sluttresultat ein ønsker for innøvinga. Kva kjenneteiknar danseforma, kva er kjernemotiva i dansen med kva steg, i kva forhold til musikken? Finnes det variasjon? Korleis underviser vi i så fall denne? I introduksjonen til Modellar for folkedansundervisning blir ein prinsippmodell for å lage plan for undervisninga skildra frå side 9-17.
TIPS!
Nokre tips til videolenker for undervisning av vals, reinlender og polka:
Vals
Reinlender
🎥 Reinlender Rugen Turka og mala (PDF)
🎥 Reinlender frå Rogaland - YouTube
🎥 Sunnmørsreinlender — Folkepedia
🎥 Storbytar (bytereinlender) — Folkepedia
Polka