Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Turdans

Om turdans

Det me kallar for Turdans er i røynda «diversepostgruppa», ein samlepost, eller eit samleomgrep for fleire danseslekter og dansetypar, i eine enden av skalaen, nokre med røter heilt tilbake til middelalderen (som langedansen), og i andre delen av skalaen nykonstruerte dansar i folkedansrørsla. 

Rilane (inkludert treturar og rilslekta dansar som firetur frå Landvik) er ei eiga danseslekt innafor nemninga turdans. Musikken er viktigaste kjenneteiknet for danseslekta som truleg kom til Noreg som dansetypar frå dei britiske øyane med trelasthandelen i århundreskiftet mellom 17- og 1800-talet. I Noreg er dei mest vanlege rilane for tre eller seks personar. Me har også rilar dansa i stor ring med så mange par som ein ønskjer. 

Andre turdansslekter er kontradansane eller engelskdansane med sine fireturar, seksturar eller åtteturar i tretakt, eller sine feiarar eller hoppsarar i totakt. Med i samlegruppa turdans finn ein også runddansslekta- og bygedansslekta turdansar, krossedansar, langedansar og dugleiksdansar.   

Les meir om den norske turdanstradisjonen s.17 og 31-57 i boka Norske folkedansar - Turdansar
Oversikt over publiserte turdansar finn du digitalt her.

Metodiske tips og triks

📖 Metodisk opplegg for hovudtypen ril vert skildra på side 36 i Modellar for folkedansundervisning.

🎥 Folkepedia.no har laga filmar av og for barn og unge med nokre av turdansane.