Sett deg mål

Skal ein bygga opp eit miljø, lage film, utstilling, undervise i skulen, revitalisere danseformer, ha kontinuerlege danseøvingar, eller ønskjer ein å få til meir aktivitet anbefaler me å ha ein ambisjon for arbeidet og setja dykk mål. Konkrete målformuleringar kan gje dykk ei klar retning for arbeidet – og ikkje minst gjera dykk meir uthaldande med ambisjonen dykkar.

Spørsmål de kan spørje dykk sjølve er:

  • Kva ønskjer me å få til i eit langtidsperspektiv?

  • Kor ønskjer me å være om 3 år, 5 år, 10 år?

  • Kva handlingar bør me gjere, og kva kortstiktige mål set me oss for å nå dei meir langsiktige måla?

  • Korleis kan me gjera måla SMARTe, men også fleksible i gjennomføringa?

  • Kva ønskjer me mest av alt å få til?

  • Korleis får me andre med på måla våre?

  • Er det mål me ønskjer å oppnå, eller heller ein ambisjon som likesåvel kan være visjonær, motiverande og kontaktsøkande?

Start gjerne med eit enkelt tankekart. Her kan du laste ned en mal for å lage seg milepælsmål.

 

SMARTe mål

SMARTe mål er konkrete mål som du enkelt kan sikte på. Dei er realistiske, kvantifiserbare og fokuserte slik at du veit nøyaktig korleis du skal oppnå dei og når du har nådd dei.

Spesifikke,
Målbare,
Attraktive,
Realistiske og
Tidsbestemte

Du kan lese om korleis du kan gjere måla dine SMARTe her.

 

Ulike typar mål

Les ein om målarbeid, les ein om at arbeidet ofte startar med ein visjon. Ut frå visjonen lagar ein seg overordna mål og delmål.

Kartlegging kan også vera eit godt utgangspunkt. Her i verktøykassa, og på ildsjelsamlingar i Dansespor har me teke utgangspunkt i at kartlegging av eksisterande danseaktivitet og nettverk i nærmiljøet (sett inn lenka til Kartlegging og konseptutvikling) kan vera gode verktøy for i utforminga og gjennomføringa av prosjektet/aktiviteten du ønskjer å gjennomføre. Døme: I forkant av programmet Dansespor gjekk me sjølv gjennom ei fase med evaluering av vårt dåverande prosjekt Bygda dansar, ei kartlegging av vår kompetanse ved Sff og folkedansfeltets behov. Me kom då fram til at det var for lite kjennskap og kunnskap om folkedans og for lite attraktiv formidling. Dette førte til visjonen og overordna mål for programmet, som me delte opp i fleire delmål kor verktøykassa og ildsjelsamlingar er to, men kor også nettverkssamlingar, støtteordningar og mentorordning er inkludert. Vidare har me delt opp desse delmåla i mindre einingar og handlingar.

Delmål som mindre einingar kan vera kompetansemål som i kunnskapsløftet, læreplanen for grunn- og videregående skule. Delmål kan også skiljast mellom kunnskapsmål, ferdighetsmål og generelle kompetanser som i høgare utdanning .

Delmål i folkedanssammenheng kan likeså vel vera sosiale mål, samhandlingsmål, nettverksbygging, og det å nå ut til målgrupper.

Dersom visjonen for prosjektet er eit miljø å trivast i vil dette kunne føra til andre delmål enn om visjonen er folkedans til folket.

 

Rekruttering og dansemål

Mange har som målsetting å rekruttere til aktivitet. For sette opp SMARTe mål bør de tenke gjennom kva slags aktivitet de å ønskjer å rekruttere til og kvifor.

Tips 1: Kanskje det kan hjelpe å tenke: Kven klarer me å rekruttere med ulike danse- og sluttmål for auge dersom sluttmålet for danserekrutteringa er:

  • Klare seg på det sosiale dansegulvet

  • Lære seg dansetradisjonane i nærmiljøet

  • Folkedans som del av å ivareta immateriell kulturarv i nærmiljøet

  • Talentutvikling

  • Danse på kappleik

  • Dans som trivsel og helse

  • Triveleg læringsmiljø for folkedansopplæring

Tips 2: Rekruttering er ei sak, å halda på dei som er rekrutterte ei anna.

Mange undersøkingar har vist at sjølv om sluttmålet er sosialt eller fordjuping, så er det kombinasjonen av dei to det som gjer at folk fortsetter med aktiviteten. Mange vil ha både eit godt sosialt miljø, og ein stad der dei kan lære eller utvikle seg. Då me evaluerte ungdoms- og talentutviklingsprosjektet Bygda dansar svarte deltakarane at dei vart verande i prosjektet på grunn av kombinasjonen:

  • Det sosiale miljøet og stemninga i deltakargruppa

  • Moglegheita til å utvikle seg som dansar

  • Instruktørane

 I verktkøykassa under mål for danseundervisning, eller del 2 og 3 i evalueringsrapporten 20 år med Bygda dansar kan de lesa meir om å sette seg mål for sjølve danseundervisninga med utgangspunkt i talent- og ungdomsprosjektet Bygda dansar.

 
Forrige
Forrige

Konkretiser ditt prosjekt

Neste
Neste

Eksempel fra Tinn: Å dra i flokk mot felles mål