Norsk senter for folkemusikk og folkedans

View Original

Innspel til ny NOU på musikkfeltet

Norsk senter for folkemusikk og folkedans har ilag med FolkOrg, Riksscenen, Noregs Ungdomslag kome med innspel om folkemusikk og folkedans til utvalet som skal arbeide med ny NOU på musikkfeltet.

Arbeidsgruppa med leiarane i dei fire organisasjonane FolkOrg, Riksscenen, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans har gjennom året arbeidd fram eit felles dokument som vart sendt til utvalet. 

- Det vart eit innhaldsrikt dokument som vi vonar utvalet finn nyttig i arbeidet med den store NOUen som kjem til neste år. Vi har forsøkt å få fram både det som fungerer og der vi meiner det trengs tiltak, seier dagleg leiar i FolkOrg. 

Innledninga i innspelet går slik: 

Vedlagt ligg eit innspel frå folkemusikk-Noreg til utgreiingsarbeidet om norsk musikk. 

Folkemusikk er immateriell kulturarv. Gjennom ratifisering av UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv er Noreg forplikta til å forvalte norsk folkemusikk og folkedans og urfolks og nasjonale minoritetars sine musikalske uttrykk på ein berekraftig måte.

Noreg har eit mangfald av varierte og og spennande musikktradisjonar som står støtt, men som i ulik grad likevel er svært sårbar. Vi meiner denne kulturarven fortener å få dei beste vekstvilkåra styresmaktene ilag med organisasjonane kan gje. 

Å satsa på folkekulturen er å satsa på framtida. Folkemusikken og folkedansen er ei kraft i seg sjølv – eit unikt samværsfellesskap og kunstfelt i spennande utvikling. Denne musikken og dansen er samlande på tvers av sosiale miljø, og ein slik samvær- og deltakarkultur er både psykisk og fysisk helsefremjande. 

Dei fire største organisasjonane på folkemusikk- og folkedansfeltet, Riksscenen for folkemusikk joik og folkedans, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, gjev her eitt felles innspel til NOU-arbeidet. Vi har vald å rette hovudfokuset i dette felles innspelet mot den norske folkemusikken, under føresetnaden av at NOU-utvalet har dialog med aktørar innan samisk musikk og ulike nasjonale minoritetar, men finn det likevel naturleg å nemne joiken i nokre samanhengar. Vi ynskjer å framsnakke alt det vi meiner er bra og fungerer godt på folkemusikkfeltet i dag. Og vi ynskjer å sette ljos på ein del av dei utfordringane feltet har. 

Vi meiner styresmaktene har eit stort ansvar i å leggje ein politikk som både ivaretek dei ulike folkemusikkuttrykka sine tradisjonelle fundament, samt gje rom for utvikling og oppbygging. Vi har sett opp forslag til tiltak undervegs i dokumentet, tiltak vi meiner vil kunne lyfte og fremje folkemusikken meir enn det blir gjort i dag. Og vi vonar utvalet set fokus på folkemusikk i NOUen, og alle vi fire organisasjonane er positive til å utdjupe, oppklare, underbyggje og samtale med utvalet dersom det er ønskeleg. 

Ane Carmen Roggen 
Direktør - Riksscenen for folkemusikk, folkedans og joik

Magni Flyum 
Generalsekretær - Noregs Ungdomslag

Tanja Holmen 
Direktør - Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Aslak Brimi 
Dagleg leiar - FolkOrg