Korleis få folk til å kome?
Skrevet av Anna Gjendem
Det finst ein drøss av dyktige folk og gode kurslokale. Å gjere avtalar med instruktørar/utøvarar og skaffe lokale til aktiviteten er eigentleg ein veldig kjekk del av arbeidet. Størsteparten av arbeidet ligg ikkje der. Arbeidet ligg i å få folk til å kome. Eg er ingen ekspert, eg har faktisk ofte vondt i magen når dagen for arrangementet er der – kjem det folk?

Det er heilt klart ingen fasit på korleis ein får folk til å kome. Det er så mange faktorar som spelar inn. Her er nokre gjengangarar:
Andre kolliderande arrangement
Dårleg marknadsføring
Misforståingar
Vær og vind
Krasjar med arbeidstider
Venen min skal ikkje, så då kjem ikkje eg heller
Eg har ingen til å køyre meg/mine
Økonomi
Eg har ingen å kome saman med
Det er uansett mykje du som arrangør kan gjere for å legge til rette for at flest mogleg tek turen. Nokre døme:
Arrangere noko det er etterspørsel etter
Vere open for at alle kan kome (f.eks. med og utan partner)
Forhøyre deg om kva dag/tidspunkt som høver for folk
Plakatar, flygeblad, arrangement i SoMe, e-post
Søke stønad til arrangementet
Ha dialog med andre som arrangerer – er det andre arrangement på det tidspunktet?
Det kan vere lurt å forankre arrangementet i fleire organisasjonar, eller at fleire enkeltpersonar er involvert. Fleire som ivrar for eit arrangement = fleire frammøtte.
Er det enkeltpersonar som har lyst til å vere med å arrangere?
Er det lokale ungdomslag og spelemannslag i nærleiken?
Er det fylkeslag/områdelag i nærleiken?
Er det eit museum eller eit folkemusikkarkive i nærleiken?
Organisasjonane har gjerne ein årsplan og skal kanskje også arrangere noko a la det du tenkjer på. Dei kan søke stønad og har kanskje pengar som dei har tenkt å nytte til arrangement gjennom året.
Det viktigaste er vere synleg og ha ein god dialog med potensielle deltakarar.